U37 og introduksjon til næringslivet
Første faglege samling for traineeane våre var kombinert med første samling for U37 Søre Sunnmøre. Vi ønskja å kople dei på næringslivet i regionen, og bygge nettverk med andre unge i næringslivet.
Vi samla 30 nysgjerrige, engasjerte og ambisiøse unge vaksne, for å helse på nokre av dei mest innovative og spanande bedriftene i regionen. Havila Voyages, MMC First Process, Olympic Subsea og Jets Group var invitert inn for å fortelje om verksemda si, dele erfaringar og gi eit lite innblikk i kva som har vore avgjerande faktorar i deira suksess. Tusen takk for engasjerande innlegg!
U37 Søre Sunnmøre er eit medlemsnettverk for samfunns- og næringslivs-engasjerte unge vaksne under 37 år med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging. Dette er eit samarbeid mellom Ulstein Næringsforum og MAFOSS, og framover skal vi invitere inn til lågterskel møteplassar kor vi sett dagsaktuelle tema på agendaen.
Saman med U37 Søre Sunnmøre byggjer vi framtidas arbeidsregion, og sikrar trivsel blant unge i regionens næringsliv!