Reknehuset AS søkjer trainee

Vi i Reknehuset er ei rekneskapsbedrift med 16 tilsette og har kontor både i Ulsteinvik og Ørsta. Vi er blant dei største rekneskapsbedriftene på Sunnmøre med eit sterkt engasjement for kundane våre og å styrke det lokale næringslivet. I dag er vi ein moderne rekneskapspartnar som gir deg brukarvennlege og smarte rekneskapsopplevingar. Er du vår trainee?

Arbeidskvardagen hos oss

Som trainee hos oss vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og personleg utvikling. Arbeidskvardagen er fleksibel og med varierte oppgåver innan ulike bransjar og selskapsformer: rekneskapsføring, rapportering, rådgjeving og kundeoppfølging. Du vil få jobbe tett med dyktige kollegaer som støttar, utfordrar og får deg til å le midt i internmøtet.

Kven vi leitar etter

Vi ser etter deg som enten har fullført eller er i ferd med å fullføre ein bachelor- eller mastergrad innan økonomi, rekneskap eller liknande. Som person likar du utvikling, trivst i endring og verdset samarbeid.

Spring Trainee

Gjennom denne stillinga er du tilknyttet Spring Trainee. Dette er eit eittårig traineeløp der du får tilgang til sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for di vidare karriere. Vi tilbyr

  • Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk

  • Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter

  • Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear

  • Eittårig traineekontrakt med moglegheit for fast tilsetting

Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Møre og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

 
Next
Next

U37 og introduksjon til næringslivet