Foto: Brimer
Ønskjer du å kapre dei unge nyutdanna?
5 GODE GRUNNAR TIL Å BLI TRAINEEBEDRIFT
Tilgang til unge, kunnskapsrike og motiverte nyutdanna
Marknadsføring mot unge nyutdanna talent
Profesjonell rekruttering i samarbeid med Yapril
Auka innovasjon og nyskapingsevne
Utvida nettverk
Rekrutter unge, motiverte og kunnskapsrike nyutdanna gjennom Spring Trainee
Foto: Tussa
Kvifor bli traineebedrift?
Det ligg stort potensiale i å rekruttere inn unge, engasjerte og kunnskapsrike nyutdanna. Den nye generasjonen søkjer seg først og fremst til traineeprogram, og det gjeld å halde tritt med denne utviklinga for å kapre dei unge talenta. Deira kunnskap er heilt essensiell for å halde di bedrift konkurransedyktig i åra som kjem, og for at Søre Sunnmøre skal fortsette å vere den innovative regionen den er i dag.
Foto: Brimer
Rekrutteringsprosessen
For å lukkast med traineeprogrammet er det heilt avgjerande å finne den perfekte traineen til di bedrift. Spring Trainee samarbeidar med Yapril for å finne dei beste kandidatane til dykkar behov, og å sørge for ein god rekrutteringsprosess.
Foto: Tussa
Forventningar til deg som bedrift
Traineeløpet går over eitt år og traineen skal i denne perioden lønnast av bedrifta som ein vanleg nytilsett nyutdanna. Samstundes er det viktig å sette av tid til onboarding og oppfølging. Arbeidsoppgåvene til traineen skal vere givande, læringsrike og gi eit godt innblikk i bedrifta.
Bli traineebedrift
Ønskjer de å ta imot ein trainee no eller i framtida? Fyll ut skjema under, så tek vi kontakt!