Traineeprogrammet på Søre Sunnmøre
Spring Trainee er eit traineeprogram på Søre Sunnmøre med fokus på innovasjon og nyskaping.
Kontakt oss
Frida Voldnes
PROSJEKTLEIAR
+47 468 54 236
frida@ulstein-nf.no
Foto: Møre Media/Cecilie Hatløy
Foto: Sunnmøre Folkehøgskule
Plattform for unge nyutdanna og bedrifter
Spring Trainee er ei plattform for å matche unge, kunnskapsrike og motiverte nyutdanna med Søre Sunnmøres mest innovative og framtidsretta bedrifter. Det er eit springbrett til ei spanande karriere i regionen, og ein veg inn i lokalsamfunnet. Målsettinga er å synleggjere dei fantastiske moglegheitene som finns på Søre Sunnmøre, og sørgje for at fleire ser hitover når dei skal velje ein stad å leve livet sitt.
Ein samfunnsutviklar for regionen
Mange unge i dag er ikkje klar over mangfaldet som finns i regionen både når det kjem til karrieremoglegheiter og fritidstilbod. Difor ønskjer vi å utvikle historia om kven vi er på Søre Sunnmøre, og vise veg inn i ein spanande, meiningsfull og utfordrande arbeidsmarknad og ei fritid som ein kan forme akkurat slik ein ønskjer. Spring Trainee skal ha ei rolle som samfunnsutviklar gjennom å spisse det faglege innhaldet etter behova i regionen og sørgje for at vi er godt rusta i møte med framtida.
Prosjektet er finansiert av vår hovudsamarbeidspartnar, Sparebanken Møre, og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Foto: Cecilie Hatløy/Møre Media
Eit prosjekt i regi av Ulstein Næringsforum
Spring Trainee er eit prosjekt som famnar om heile Søre Sunnmøre, og er i regi av Ulstein Næringsforum. Dette er ein privat medlemsorganisasjon som fremmer medlemmane sine interesser, og har som mål å skape eit sterkt næringsliv, ein sterk region og eit aktuelt Ulstein.
Ulstein Næringsforum arbeidar aktivt for at Søre Sunnmøre skal vere ein region folk trivast å bu i, å arbeide i og å besøke. Ikkje minst ønskjer vi å bygge opp under eit næringsliv slik at det toler svingingar og utfordringar - og då treng vi ny kompetanse og fleire arbeidstakarar.