Eit springbrett til magiske Søre Sunnmøre

Livet her byr på eit hav av moglegheiter. Finn din plass mellom verdsleiande kompetanse og storslått natur.

Foto: Sunnmøre Folkehøgskule

Balanser arbeid og fritid i ein vakker og variert region.

Bu og leve

  • På Søre Sunnmøre finn du eit variert turtilbod, med alt frå kortreiste rusleturar og skiløyper til majestetiske Sunnmørsalpar. Opplev det unike landskapet på Runde, med fuglefjell og lundefuglar, solnedgangen langs Larsstien på Flø eller skarpe tindar i Ørsta.

  • Søre Sunnmøre består av øylandskap, og har fleire øyer knytt saman av utallige bruer og tunnelar. Med båt kan du farte fritt gjennom djupe fjordar og over ope hav medan du utforskar den unike skjergarden.

  • Vi har naturlegvis ikkje det breie kulturtilbodet ein storby kan lokke med, men vi har noko eiget som du berre finn på Søre Sunnmøre. Vi har ein unik kultur for frivilligheit som mogleggjer eit rikhaldig idrettstilbod for alle aldersgrupper. Vi har ein heilt eigen del av nynorsk kulturhistorie på Aasentunet, og eineståande historier frå ishavsfiskarar på Brandal. Kvar ein tettstad har eit kulturhus med fullspekka program som bognar av handplukka lokale og nasjonale skattar.

  • Det er mykje som skjer på Søre Sunnmøre heile året. Sjekk ut kulturprogramma til dei ulike kommunane og få full oversikt!

Her finst det rom for å vere den du vil vere, og tid til å leve livet slik du ønskjer.

Foto: Liisa Mänd, Hustadnes Fjordhytter

Blant høge fjell og djupe fjordar

Anten du vil bu i bykjerna i Ulsteinvik, i havgapet på Runde, ved foten av eit fjell i Ørsta eller i studentbyen Volda, vil du få den fantastiske Sunnmørsnaturen tett på, med spektakulære Sunnmørsalpar, fuglefjell og mjuke toppar kor du kan sjå sola gå ned i havet.

Finn informasjon frå kommunane på Søre Sunnmøre

Foto: Hareid kommune

Hareid

Foto: Per Eide

Ulstein

Foto: Ørsta kommune

Ørsta

Foto: Svein Arne Orvik

Herøy

Foto: Vanylven kommune

Vanylven

Foto: Cecilie Hatløy/Møre Media

Sande

Foto: Erlend Sporstøl Vikestrand

Volda