Kick-off!
23. januar var det endeleg tid for å helse på første kullet med Spring Trainee!
Utruleg kjekt å helse på dei flotte traineeane og mentorane. Eminente Elisabeth Nytun Fredriksen frå Sparebanken Møre ga dei eit djupdykk i deira rolle på Sunnmøre og kor spanande både livet og næringslivet er her på Søre! Makalause Janne Aune frå Næringsforeningen i Tromsøregionen delte viktige erfaringar frå deira traineeprogram Fremstr, og gav mange verdifulle innspel til både traineeane og bedriftene om alt frå arbeidskvardagen til det sosiale livet etter jobb. Vi såg også på korleis våre ulike personlegheiter kan spele på lag og viktigheita av å bruke det heilt unike nettverket som deltaking i eit traineeprogram gir.
Vi er så stolte og glade for traineebedriftene våre Tussa, Driv Økonomi og Brimer og er audmjuke og glade for å få lov til å starte opp med dette fyrste kullet med heilt fantastiske traineear i Spring Trainee Søre Sunnmøre
Vi har mange kjekke planar om alt det fine vi skal lære og skape saman no det komande året. Og ingenting av dette hadde vore mogleg utan støtta frå Sparebanken Møre og Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Foto: Vikebladet Vestposten / Ole-Ottar Høgstavoll