Jobb med berekraft i Tussa

Foto: Tussa

Tussa er stolte av å ta eit medvite samfunnsansvar. Vi gir eit positivt miljøbidrag på fleire område; vi produserer fornybar energi, vi leverer samhandlingsløysingar (IKT) som gjer transportbehovet mindre og vi leverer energieffektive installasjonsløysingar. Men Tussa erkjenner også at vi må gjere endå meir for at samfunnet skal lukkast med det grøne skiftet. Vi tek nye steg og har ekstra fokus på berekraftsarbeidet i konsernet.

Vi ønskjer ein initiativrik, strukturert, engasjert person som er oppteken av berekraft. Du må ha tru på visjonen vår om at vi har KRAFT til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar.

Viktige arbeidsoppgåver vil vere:

  • Ta del i berekraftsarbeidet i konsernet. Dette inneber bla. å samarbeide med berekraftsansvarleg, implementere berekraftsstrategi, sette deg inn i miljømål, drive intern opplæring, rettleiing og støtte, samt integrere berekraft i heile verksemda.

  • Ta del i konsernet sitt arbeid med openheitslova

  • Ta del i konsernet sitt arbeid som ISO-sertifisert etter 14001-standarden

Kvalifikasjonar:

  • 3 til 5 års relevant høgare utdanning

  • Gode norsk og engelskkunnskapar; både skriftleg og munnleg. Tussa har nynorsk som forretningsspråk

  • Evne til å samarbeide effektivt med ulike avdelingar og interessentar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Arbeidsstad: Ørsta

Om Spring Trainee

Her får du moglegheita bli med på eit eittårige traineeløpet kor du blir ein del av eit utviklingsprogram med sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for din vidare karriere. Spring Trainee tilbyr:

  • Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk

  • Tilgang til Ulstein Næringsforum sine arrangement

  • Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter

  • Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear

Vi søkjer unge nyutdanna som nyleg har gjennomført høgare utdanning. 

Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar, Sparebanken Møre, og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Finn din plass i Norges mest innovative region - vi treng deg på laget!

Previous
Previous

Kvifor rekruttere gjennom Spring?

Next
Next

Bli ingeniørtrainee i Brimer