Bli ingeniørtrainee i Brimer

Foto: Brimer

Brimer søkjer no etter ein nyutdanna ingeniør som ønsker ei spanande traineestilling innan eit av dei leiande selskapa for komposittstrukturar i heile Europa. Brimer er ein del av Entec Group AS, og leverer løysingar som sikrar reint vatn, trygge menneskjer og et meir berekraftig næringsliv. Du kjem til å bli del av ei spanande og tverrfagleg bedrift som er lokalisert med kontor- og produksjonsfasilitetar i Norge (Ulsteinvik, Sandvika, Gjøvik & Kvamsøy), og i Latvia (Saldus og Liepaja). Vår jobb er å sørge for at kundens verdiar er Protected for Life, enten det er reint vatn, god mat eller kritisk infrastruktur som olje-, gass- eller fornybare energiinstallasjonar. 

Stillinga har følgande ansvarsområde og hovudoppgåver:

  • FE berekningar med ANSYS

  • Utarbeide kostnadseffektive og gode teknisk løysingar

  • Følge opp produksjon, teikningsunderlag og kundekontakt, samt arbeide med nødvendig dokumentasjon knytt til det enkelte prosjekt

  • Bistå prosjekt/innkjøp med teknisk underlag til førespurnadar på innkjøp

Vi ser etter ein person med følgande kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Grunnleggande god teknisk utdanning (Bachelor/Master), eksempelvis innan bygg, maskin, marin.

  • God kommunikasjonsevne, munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

  • Fungere og trivest både åleine og som del av eit team

  • Nysgjerrig, strukturert, effektiv, positiv, sosial og interessert i ny teknologi

Stillinga vil rapportere til Engineering Manager   

Arbeidsstad: Ulsteinvik / Sandvika

Om Spring Trainee

Her får du moglegheita bli med på eit eittårige traineeløpet kor du blir ein del av eit utviklingsprogram med sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for din vidare karriere. Spring Trainee tilbyr:

  • Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk

  • Tilgang til Ulstein Næringsforum sine arrangement

  • Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter

  • Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear

Vi søkjer unge nyutdanna som nyleg har gjennomført høgare utdanning. 

Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar, Sparebanken Møre, og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Finn din plass i Norges mest innovative region - vi treng deg på laget!

Previous
Previous

Jobb med berekraft i Tussa