Kvifor rekruttere gjennom Spring?
Vi er spenna klare til å ta imot første kull med traineear i Spring. To traineebedrifter er allereie på plass, og lyser ut sine traineestillingar no - sjekk dei ut her! Er du framleis i tenkeboksa på om dette kan passe for di bedrift? Les saka til Vikebladet om kvifor Brimer har valt å rekruttere gjennom Spring.
Vi synest det er veldig gøy med lokale og regionale tiltak som vil bidra til å bygge regionen. Vi er veldig klar over at vi treng kvarandre dersom vi skal lukkast med å få heim dei gode kandidatane, som skal vere med og løfte våre bedrifter og ta veksten som gründerane på Sunnmøre ofte ønskjer.
- Erika Skarbø, HR og HSEQ-leiar i Brimer.