Informasjonsmøte for bedrifter

Er di bedrift på jakt etter ein ressurs med ny kunnskap, ei ny vinkling og ny giv?

Ulstein Næringsforum er straks klare for første kull med Spring Trainee. Dette er regionens største rekrutteringsprosjekt nokosinne! Vi er i kontakt med fleire unge nyutdanna som ønskjer ei karriere i regionen – unge talent som er framtidas leiarar, utviklarar og innovatørar. Desse utgjer eit fantastisk potensiale for regionen, som vi ikkje får mobilisert utan fleire traineebedrifter. 

Nyutdanna arbeidstakarar bankar på døra, og drøymer om ei karriere på Søre Sunnmøre - er vi klare for å ta dei imot?

Med oss er også våre traineebedrifter, Tussa og Brimer, og vår samarbeidspartnar på fagleg innhald og kompetanseheving - The Assessment Company.

Agenda:

  • Informasjon om Spring Trainee

  • Tussa og Brimer: Kvifor rekruttere gjennom Spring Trainee

  • The Assessment Company: Erfaringar frå Trainee Innlandet, moglegheitene og potensialet ved å ta imot ein trainee og suksesshistorier.

Previous
Previous

Program for kull 2024/2025

Next
Next

Kvifor rekruttere gjennom Spring?